Fortsatt mulig å gi! (Frem til 1.11)


Årets TV-aksjon går til å redusere plastutslepp og ta vare på verdshava. – Plast i havet er eit internasjonalt problem som angår oss alle, seier internasjonal direktør i Kyrkjerådet.Gi din støtte nå, dersom du ikke allerede har gjort det:  https://blimed.no/

 

 

 

 

TV-aksjonen vert arrangert kvar haust, og i år går midlane til kampen mot plast i havet, gjennom å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem. WWF arbeider i lag med lokalbefolkning, styresmakter og næringsliv i mange land, og har som mål om å redusere utslepp av plast til elvar og hav med 7000 tonn kvart år.

Digital bøsseberar

– Livet under vatn er eit av FN sine berekraftsmål, som vi som kyrkje og samfunn er forplikta på, seier Berit Hagen Agøy som er internasjonal direktør i Kyrkjerådet. – Å vere bøsseberar er ein konkret måte å bidra i kampen mot plast i havet, sjølv om vi i år må vere digitale bøsseberarar.

For å bli digital bøsseberar må ein gå til nettsida blimed.no og registrere seg. Då vert det oppretta ei personleg innsamlingsside på nett, som ein kan dele på sosiale medier, e-post eller tekstmelding. Ved å legge til postnummeret vert dei innsamla pengane registrert på kommunen der ein er busett.

Ta vare på skaparverket

Hagen Agøy fortel at mange kyrkjelydar har tradisjon for å samle inn pengar til TV-aksjonen på gudstenesta den dagen. – Som kristne skal er vi sett til å ta vare på skaparverket, alt det skapte, både på land og i havet.

Havet er ei kjelde til liv, og både Noreg og andre land har vore med på å forureine havet med plast i lang tid. – Plast i havet er eit internasjonalt problem som angår oss alle, og difor er det viktig å støtte årets TV-aksjon, avsluttar Hagen Agøy.

Tilbake